Notater |
- Gardar ligg langs Lågen i Rollag, det er ein gamal gard (ca år 800). Navnet er også gamalt, gamalnorske gardr tyder gard. I år 1560 er halve garden krongods (kom truleg i kongens eige som bot for brotsverk eller som skattegjeld).1626 er det Olav Gardar som betaler skatt. garden blei klassifisera som øydegard i 1661, men garden har truleg aldri verkeleg vore ein øydegard.
I flg. Rollag bygdebok 2 s. 104 veit vi at Olav "gong etter gong frå 1669 til 1681 blei oppnemd til lagrettemann, så han var nok ein vyrd mann. Han møtte m.a. for ålmugen i Rollag og Veggli da futen Dessow i 1675 reiste spørsmålet om ålmugen ville betale brutoll til den planlagte Kongsberg bru. Svaret frå ålmugen var at brutoll ville dei betala når brua var reist. andre liknande ytingar ville dei betale i samsvar med lov og fastsatte reglar."
Olav var gift med ei som heitte Gro, ein veit ikkje kor Gro kom frå. Dei hadde fleire barn, men ein veit berre sikkert om to, Knut som tok over som oppsittar på garden og broren hans Jens.
|