Notater |
- Om Aslaug og Tore
Tore kjøpte Røysland av Hellek Knutsen i 1822. Sønnen Torstein ble født i 1823. Etter det fekk dei to døttre, Kirsti og Tårån. I 1839 overlot Tore garden til Torstein og kjøpte Buen i Jondalen.
"Det ser ut til at Tore og Aslaug ikkje var forlikte, for i 1839 møter dei i forliksrådet i Sauland prestegjeld for forliksmennene Kruse og Hjelsøe. Utskrifta av forliksprotokollen lyder " Sak 1. Konen Aslaug Torsteinsdtr. Mårum med verge for denne Torsten Nirisen Mårum med denne kones mand Tore Torsteinsen Røysland, nu Buen, angående at denne kone ønsker sig skildt fra manden. Partene møtte personlig. Forlig var ikke at oppnåes og sagen henvist til retten" Ein høyrer ikkje noko meir om skilsmålsaka, truleg vart dei forlikte." Dette står det å lese i Gransheradsoga.
De blei nok truleg ikkje helt "forlikte" for Tore sel Buen året etter og reiser aleine til Amerika. Kristen Vålund skreiv vist nok i Decoraposten at "Han var der (på Buen) nokre år, men selde og reiste ifrå folki sine til Amerika og der vart han rik". Decoraposten var en norskspråklig avis i Iowa.
Tre av halvsyskena hans hadde reist til Amerika nokre år før. I 1842 fikk sonen Torstein skjøte på Røysland, dette var vel omtrent på den tida Tore reiste til Amerika.
Thore Thompson, som han kalla seg da han kom til Amerika, såg forretning i å dra vestover med ei drift mjølkekyr for å selja mjølk i dei nye busettingane der. Han fekk med seg John på laget og i 1851 drog dei avstad. Det heiter at Thore gjorde god forretning på mjølkesalet, men at buskapen ikkje greidde overvintringa. Han drog da tilbake til Wisconsin mens John vart verande i California. (lokalhistoriewiki.no)
Frå 1870 til han dør i 1885 bur Thore i Argyle i Wisconsin hjå dottersonen sin Christian Thompsen som emigrete til Amerika i 1862. Ved folketellingen i 1880 kan det sjå ut som om Tore og Aslaug likevel blei skilt, for han står her oppført som "Divorced"
|