Notater |
- Om Margit og Tomas i Linøye
Margit blei født medan foreldra budde i Haugan, og hadde kanskje vore svakleg då ho blei født for ho blei "hjemmedøpt" av onkelen sin, Ole Rollefsen. Ho blei konfirmert i 1865 med karaktern "Meget Godt".
Tomas vart født fyrste nyttårsdag i 1839. Han reiste i ung alder frå Nes i Hallingdal til Numedal. Det seies at han rømde etter ein slåsskamp der han trudde han hadde slått i hel ein mann. Mannen døde ikkje, men dette fekk nok kanskje ikkje Tomas vite før han flykta. Tomas kom til Hovin i Telemark der han gifta seg med gardjenta Margit Østensdotter Lindøen. Tomas hadde då skaffa seg attest frå Sogneprest Thønnesen i Nes, datert 14/12 -74 og vart registrert som innflyttar til Hovin og "Opgiven hensigt med Indflyningen" var "Gifte sig"
Da dei gifta seg var Gjermund O. Holte og Ole Rolleffsson forlovarar. Margit overtok Linøye etter foreldra sine i 1879. Tomas vart fløtningsinpektør same året.
Far til Tomas, Syver, var "tømmerdriver" i Nes i Hallingdal. Det er nok difor Tomas kjenner til fløtning, og på den måten skaffar seg eit levebrød i bygda. Tomas og familien ser ut til å vore ein del i Gjerpen/Skien opp gjennom åra. Mest truleg på grunn av Tomas sitt arbeide som fløtningsinspektør. Det blir også sagt at dottera Gro er født i Gjerpen og døypt i Hovin, men det står ikkje noko i kyrkjebøkene om det. Ho giftar seg også i Gjerpen, men lysning er tatt ut i Hovin.
Norsk Skogmuseum har det einaste bilete vi veit om av Tomas. Tekst under bilde er mellom anna "Fire staute, dresskledde karer, fotografert sittende på en koiebrisk. Tre av dem, de tre lengst til høyre, skal ha vært elveinspektører for Skiensvassdragets Fellesfløtningsforening. .... Lengst til høyre sitter Thomas Lindøen fra Hovin, som ble ansatt som inspektør for Rauavassdraget i 1899."
Av barna til Margit og Tomas var det berre Gro som gifta seg. Anne Flåto fortalte at Sigurd blei sjuk av tuberkulose før han rakk å gifte seg med Astrid Kittilsdotter Reinslo. Det var meininga at dei skulle bu i Holte. Kjærasten flutte til Minnesota i Amerika og fekk dottera Gladys i 1915. Sigurd og Astrid blei i alle fall aldri gift. Astrid og Gladys kom tilbake til Norge i 1934.
Tomas døyde av slag andre juledag i 1918. Dagens Nyt, Oslo skriv den 8. januar 1919: "Gaardbruker Thomas Lindøen, Hovin er avgaat ved Døden, i en alder av 80 Aar, forteller "Rjukan". Han har i mange Aar drevet med Skogsdrift og Fløtning for Firmaet D.H. Cappelen og har senere i en Række Aar været Elveinspektør for Fællesfløtningen i Hovin. Avdøde var i sin Tid adskillig benyttet som Kommunemand. Han var saaledes i flere Aar Bygdens Viceordfører."
Margit døyde av hjertefeil 79 år gamal tolv år seinare. Hun "Efterlot sig søn Østen 53 år, Sigurd 50 år, dotter Margit 51 år og Gro 41 år." Formuen var Kr. 14500.
|