| Notater |
- Om Anne og Halvor i Søråsdekkan
Dette var den fyrste familien frå Hovin som emigrerte til Amerika. Presten skreiv ut attestar for Halvor, Anne og dei tre døtrene den 17. mai 1837.
Dei reiste med barken Niord fra Gøteborg i Sverige og ankom New York den 15. august 1837, etter 45 dagar på havet. Den 21. august var dei registrert som immigrert, og livet i Amerika kunne begynne.
I same reisefølge var Jon/Snowshoe Thompson som da var 10 år gamal.
Frå ein Wikipedia-artikkel om Snowshoe Thompson kan vi lesa om turen over havet: "Dette er det første utvandrarfølget til Amerika frå Austlandet, og med seg hadde dei det mest nødvendige for den lange ferda. På Sandven vart dei åtvara mot å reisa. Både av prosten i Aust-Telemark Søren Schive, og av lensmannen i Tinn Hans Anfindsen Bernaas, utan at det endra på noko. Ferda gjekk vidare nedover Telemark til Skien der dei 22. mai gjekk om bord i fartøyet Paketten med kurs for Gøteborg. Her fekk dei plass på ein svensk brigg ved navn Njord, og 31. mai la dei ut på ferda over storhavet. Njord var eit mindre seilskip som ikkje var spesielt bygd for passasjertrafikk, så det vart ein hard og kummerleg overfart for innlandsfolket frå Tinn. Gro (Jons mor) fortel i eit brev heim at ho var sjuk halve tida, mens Jon var sjuk ei veke. To småbarn som var med i Tinnfølget døydde på turen over.
Den 15. august 1837 steig følget av tinndølar i land i New York. Herfrå drog dei vidare oppover Hudsonelva gjennom Erie-kanalen til Buffalo. Derfrå reiste dei vidare med båt over dei store sjøane og kom til Chicago først i september. Her fekk dei hjelp av nokre folk frå Stavanger og så gjekk ferda vidare til Fox River-settlementet i Illinois der dei aller fleste slo seg ned." (Wikipedia)
I folketellingen 1840 - LaSalle, Illinois finn vi Holver Kittleson (som er mellom 40 og 50 år) og kone og to jentebarn.
I folketellingen 1850 - I Freedom Township, LaSalle, Illinois finn vi familien Alvar (Halvor) Kettleson, Anna Kettleson, Cordelia (Gunhild) Kettleson, Julia (Judith) Kettleson. Alle født i "Norway" og i riktig alder til å kunne være Halvor og Anne og familien frå Søråsdekkan.
Dersom dette er rett familie så har Judith/Julia gifta seg med Ole Hanson og fått to søner og ei dotter ved forlketellingen i 1880. Halvor har blitt enkemann og er "retired farmer".
|