Notater |
- Om Ingeborg og Tarald og dei to andre ektemmennene til Ingebjørg
Ingeborg gifta seg første gang 20 år gammal i 1785, med Gunleik Øysteinsson Fosso. Da far til Gunleik døde var Gunleik berre 13 år, og det var stefaren som styrte med garden. Gunleik fekk skjøte på Fosso først i 1790.
Han var soldat fra 1790 til 1793. Da han vart dimitert i 1793, hadde han fått med seg eit fripass som lyder slik: "Nærværende, Ærlige og Mandhaftige Gullich Østenson, No 67, av Thelemarche Regimente og det Tindske Herr Capitain Wahles Compagnie haver tient Hs. Kongl. Maistæt som soldat udi 3 år" Underskrivi av regimentsjefen Scheppelgreen. Fripass var ein bevitnelse fra utskrivningsmyndighetene om fritak for militærteneste på grunn av tenesteudyktighet.
Gunleik døde 35 år gamal, to år etter at han vart dimitert. Han og Ingeborg hadde da 4 barn, 2 søner og 2 døtre. Den yngste sonen, Gunleik, blei gravlagt same dag som faren, tre veker gamal.
Då Gunleik døyr er det broren Kittil som arvar Linøye. og i 1802 makeskiftar Kittil Sjøteveit bort Linøye til stefaren Halvor Gunleiksson mot å få at Sjøtveit i Austbygde. I 1788 får dei også Ingeborgs part i Dårud (Øverli-eigedomen). Ingeborg og barna overtek Fosso.
Ingeborg og Gunleik hadde vore gift i 10 år da Ingeborg blei sitjande som enke. Året etter, i 1796, gifta ho seg med Tarald Olsson Grov. Tarald var født og oppvaksen i Uverud. Han vart innførd i konfirmantlista som Taral Ufverud 17 år gamal.
Det var Tarald som tok over styringa på Fosso. Ingeborg og Tarald fekk 2 søner. Tarald var frå før eigar av søndre Grov. Det var eldste sonen Halvor som tok over denne garden. Den andre sonen, Ole Taraldsen, kjøpte seinare Hovdestul og deretter garden Flåto av Cappelen.
Tarald døde i 1808, Tarald og Ingeborg var gift i 12 år. Tre år seinare gifta Ingeborg seg for tredje gang med Per Knutsson Yvjukos. Ingeborg var da 46 år gamal. Eldste sonen til Ingeborg og Gunleik, Øystein Gunleiksson, overtok Fosso. Ingeborg flytta til Yvjukos da Øystein overtok Fosso.
Ingeborg gifta seg godt, og sørga for at alle barna fekk eigedom eller blei gift til eigedom. Den tredje gongen Ingeborg gifta seg var det med ein mann som kanskje ikkje hadde så stor gard og kanskje ikkje så mykje middel. Ingeborgs tredje mann, Per i Yvjukås, var 20 år yngre enn Ingeborg som då var 46 år. Her kan ein spekulera om så mykje om kva årsakene var til at dei gifta seg. Kanskje var Ingeborg ei flott dame, eller kanskje ho hadde pengar, eller kanskje begge delar, kven veit? Ingeborg overlevde alle sine tre ektemenn og døde i Yvjukås 79 år gamal.
|