Notater |
- Om Gunhild frå Mårheim og Ole Torkildsen
Gunhild var født på Mårheim i Atrå. Vi finn ikkje Gunhild som døpt, men vi finn henne i folketeljinga 1801 hjå foreldra på Mårem og som konfirmert 17 år gamal i 1809. Bror hennar, Svein, kjøpte Øverbakke i Hovin i 1809.
Kven om var foreldre til Ole har det ikkje lukkast å finne enno. Han budde på Øverbakke da han og Gunhild gifta seg i 1819. Presten skriv da at Ole var 25 år gamal og Gunhild var 26 år. Dei forskjellige kildene tyder på at Ole må være født mellom 1791 og 1797.
Den fyrste sonen, Øystein, blei født i Renslo. Den andre, Hellek, på Bruflåt. Dei døde begge før dei var eit år. Ola og Gunhild budde i Gvæven i 1820-åra, så dei to neste barna blei født i der. Den tredje sonen Torkjel, døde som spebarn. Den fjerde sonen blei også døypt Torkjel, og han kom seinare til å gifte seg med Mari og busetja seg i Juve.
Etter det flytter familien for ei kort tid til Søråsdekkan og ein av sønene blei født der. Dei får to søner til, født på Breiset og i Haugen. Dei tre siste gutane til Gunhild og Ola emigrerer alle til USA. Ola døde i 1837 som fattiglem på Haugen. Alder blir oppgjeven å væra 46 år. Den yngste sonen, Ole, var då berre 2 år gamal. I 1845 konfirmertes to av sønene, Østen på 19 år og Hellek Olsen på 16 3/4 i Hovin kyrkje.
Gunhild døde, også som fattiglem, på Haugen i februar 1857, 66 år gamal.
Det er mange ting som tyder på at denne Haugen-plassen var Haugen under Bakka, også kalla Gampehaug, som låg noko nord-vest for Skyttarhuset. Mellom anna budde sonen Torkjel fleire år på Gampehaug før han og kona Mari kom til Juve.
Om sonen Øystein Olsson og Little Norway.
Øystein gifter seg med Birgit Hansdotter Grasdalen i Hovin kyrkje i 1859 og året etter får dei sonen Ole. Den 3. april 1861 fører presten familien inn i protokollen for utflytta og dei set kurs for Amerika. Saman med dei reiser også Øysteins bror Ole Olsson Haugen og Birgits søster Anne Hansdotter Grasdalen. Dette året flytta heile 97 personar frå sognet, og mesteparten av dei drog til Amerika.
Han kallar seg ofte Osten Olsen når han kjem til Amerika. Øystein og Birgit får fire døttre. Farmen til Øystein og Birgit blir berømt da dottera sel garden og den blir eit museum. Det finst bilder av huset og staburet som Øystein bygde.
Fra Wikipedia: "Little Norway er en turistattraksjon og et friluftsmuseum som omfatter et norsk bondesamfunn i Blue Mounds, Wisconsin. Little Norway består av en fullt restaurert bondegård fra midten av 1800-tallet og en stavkirke. Little Norway stod oppført i det amerikanske register over historiske steder, National Register of Historic Places. Little Norway oppstod da Osten Olson Haugen, en innvandrer fra Telemark slo seg ned på en 40 acres farm på 1850-tallet. Haugen bygget hovedhuset og flere andre bygninger fra tømmer som han hugget på farmen. Haugens familie dyrket på stedet frem til 1920.
Tidlig på 1930-tallet kom en forretningsmann fra Chicago, Isak Dahle som etter en tur til "Gamlelandet" var blitt inspirert av den gamle norske byggeskikken og sine barndomsminner fra Wisconsin. Han ble så betatt av stedet at han kjøpte farmen og gav den navnet Little Norway"
Stavkyrkja som kom frå Orkdal er no seld tilbake til Orkdal og vil bli oppført der. Dette var nok det store trekkplasteret for Little Norway. Det ser ut til at museet Little Norway no er stengt (2017).
|