Notater |
- Om Åsne og Tarald i Uverud
"Tarald Gunleksen gift før 1720 med Ingeri Vetelsdtr. søndre Landsverk. Bodde paa Vik i 1720, senere på Uverud i Hjartdal." (Hitterdalsbogen s. 432) Dette stemmer ikkje, Tarald kom til Uverud i Hovin. Den 29/11 1721 kjøpte Tarald Gunleksen Viig gardparten Uverud for 350 rd. Skøyte er datert 29/2 1722. Kona, Ingrid Vetlesdtr. Landsverk frå Lisleherad, døde i barselsseng i 1729. Barnet var dødfødt.
Tarald gifta seg på nytt med Åsne Sigurdsdtr. Fosso. (I hovinsoga s.102 står det at Åsne var syster til Halvor Øverbakke) Åsne og Tarald fekk ein son, Ole Taraldsson. Han var født i 1734. Tarald må ha døydd før sonen vart født, for han står oppført med dødsår 1733. Det er skifte etter Tarald i 1739.
Det er ikkje godt å vita kvifor Tarald tok namnet Wiik. Far til Tarald eigde Vik i Gransherad etter at at han hadde gjeve Gjermund Jonsson Vik eit lån som han ikkje kunne betala tilbake, dette var i 1700. Tarald er født på Bolkesjø nedre og oppvokst på Folsland, men han er ikkje oppført som brukar på Vik. Han har truleg alikevel budd der ei kort stund før han kom til Uverud. Det var broren Hølje som overtok Vik.
Da Tarald døde gifta Åsne seg med Eilif Kittilsson Jørisdal, og seinare med Neri Kittilsson Mjelland
|