Familie |
Nils Høljesen Grastjøn, f. 25 Jan 1890, Kaasa u Mosrygg, Gransherad, Telemark , d. 10 Nov 1979, Auburn, King, Washington, USA (Alder 89 år) |
Folketelling |
1910 |
Nyland, Hovin, Telemark [6] |
Gift |
30 Mai 1910 |
Hovin kyrkje [7] |
Notater |
- Om Liv, Nils og reisa til Amerika.
Liv og Nils gifta seg i Hovin kyrkje i 1909. Året etter fekk dei dottera Birgit.
Liv emigrerte til Amerika 16.04.1913 med reisemål Minnesota saman med mannen sin, Nils Grastjøn, og dottera. Dei reiste med dampskipet Eskimo.
Det var ikkje så lett å finna familien. Etter diverse skrivefeil og "oversettelser" heitte dei no Nels og Lio Grastjon og dottera heitte Bengit og seinare Bertha. I eit av dokumenta blir mor til Liv, Mari Aslaksdatter, heitande Mary Aspahso.
Dei gjekk ombord i dampskipet Eskimo reiste frå Kristiania til Hull i England 16.04.1913.
Dei drar videre frå England med skipet "SS Empress of Ireland" på 3. klasse den 18. april og kjem til Vermont, St. Albans på den Canadiske grensa 25. april 1913. Da hadde reisa vart i 9 dagar. SS Empress of Ireland sank året etter og meir enn 1000 menneker mista livet.
Ved imigrasjonen oppgir dei at dei skal reise til "Uncel" Halvor Dalen i Dent, Minnesota og den 28. april er dei registrera som imigrantar i USA og det nye livet kan byrje.
Enno var reisa langt fra slutt, Fra St. Albans til Douglas Minnesota er det over 2000 km. Dei tok kanskje jernbanen eller dampbåt over Great Lakes, hvis dei hadde råd til det.
Liv fekk nok ikkje oppleva mykje av det amerikanske eventyret, ho døde året etter. I Minnesota Death Index kan vi lese at Mrs. Nels Grastjon døde 10. september 1914 i Douglas, Minnesota. Vesle Birgit er no berre 4 år.
Seks år etter, i 1920, finn vi Nils som enkemann i Havre Ward 3, Hill, Montana. Her bur han saman med mange andre leigetakerar. Han arbeider ved jernbanen. Dottera bur ikkje saman med han her. Vi kan håpe og tru at ho budde hos kjente som tok godt vare på henne, men det har ikkje lykkas å finne ut kvar ho var ved folketellingen i 1920. Nils hadde to systrer som også drog til Amerika.
Det ser ikkje ut til at Nils har gifta seg på nytt. I 1930 bur han igjen saman med dottera Bertha i Great Falls, Cascade, Montana. Nils er sveisar og arbeider ved "Steam Railroad" og Bertha er no 19 år og utan arbeide.
I 1934 giftar Bertha seg med enkemannen Estell F. Pate. Ekteskapet varer ikkje lenge, og det ser ikkje ut til at dei fekk barn.
I 1940 finn vi Nils og Birgit i Riverton Heights, King, Washington. Nils er framleis enkemann og sveiser, men no i "Dam Project" Bertha har skifta namn til Bertha Pate, og er no "Divorced". Ho arbeider i "Beauty Shop".
Nils døyr i Washington i 1979. Kva som skjedde med Bertha er uvisst. men truleg har ho gifta seg på nytt. Bertha Bray f. 1910 er gravlagt ved sida av Nils Grastjon, som father and daughter, på Mountain View Cemetery, Auburn, Washington.
|
Barn |
|
Bilder |
| Vielse nr 1/1910
|
| Folketelling 1910
|
| Utflyttet fra Hovin 1913
|
| Emigranter over Kristiania 1871-1930
|
| Imigrasjon Vermont, United States 1913
|
Sist endret |
25 Mar 2024 |
Famile ID |
F382 |
Gruppeskjema | Familiediagram |