Navn |
HARALD Aslaksson Bakken Mjaugeto |
Født |
1791 |
Moskotet, Sauland, Telemark |
Døpt |
5 Apr 1791 |
Sauland kyrkje [3] |
Kjønn |
Mann |
Folketelling |
1801 |
Bakken u Hafsten, Gransherad, Telemark |
Yrke |
1813 |
Soldat |
Bosted |
1822 |
Mjaugeto u Siljudalen, Gransherad, Telemark |
Død |
4 Jul 1851 |
Tangen brygge, Skotfoss, Nordsjø, Telemark |
Årsak: Drugnet i Nordsø, av han var beskjenket |
Gravlagt |
12 Jul 1851 |
Gransherad kyrkje [4] |
Person ID |
I1197 |
mf-1 |
Sist endret |
19 Jun 2022 |
Familie |
GUNHILD Olsdotter Bø, f. 1793, Nordistugu Bø, Sauland, Telemark , d. 27 Apr 1847, Mjaugeto u Siljudalen, Gransherad, Telemark (Alder 54 år) |
Gift |
10 Jan 1813 |
Sauland kyrkje [5] |
Notater |
- Om Gunhild og Harald på Mjaugeto
Gunhild Olsdotter Bø blei født på Nordistugu Bø i Sauland i 1793. Ho hadde to brør og to halvsystrar. Gunhild vart farlaus då ho var 2 år, og mor hennar gifta seg på nytt. Ho vart foreldrelaus 10 år gamal då også mor hennar døde.
Harald Aslakson var født på i Mostotet i Sauland i 1791 og vaks opp på Bakken under Hafsten nordre i Gransherad. Harald var nummer fem i ein syskenflokk på ti barn.
Dei gifta seg i 1813. Då var Gunhild 20 og Harald 22 år. To månader etter giftarmålet døypte dei sin fyrste son, Ole.
Harald var allereie innrullera som soldat då han og Gunhild gifta seg og i 1814 måtte han ut i krigen som tambur.
Den 14 august 1814 var han med som hornblåsar og deltok i slaget mot svenskane ved Kjølberg bru litt nord for Fredrikstad. Dette blei sagt å være den siste trefningen i krigen mot svenskane før dei underteikna Konvensjonen til Moss.
Sidemannen til Harald, Ole Olsen Haugan (Gransheradsoga seier han var frå Maremsrud) frå Tinn, fall her og døde den 16. august. Ole er innført som død i kyrkjeboka i Atrå den 9 oktober. Som død i Fredrichsværn d. 16. Aug: blev idag anmeldt Ungkarl og Soldat af Tinds Fribattalion Det var mange som døde av skadane dei fekk på grunn av dei dårlege sanitærforholda i dagane etter slaget. Den 19. august blei 7 soldatar (ikkje nemnde med namn) gravlagde på Fredriksværn Krigskirkegaard, kanskje var Ole ein av desse.
Det gjekk bra med Harald, og han kom heim i 1816. Gunhild og Harald flytta til Naustret og vart buande der fram til 1822. Då flutte dei til Mjaugeto som var ein plass under Siljudalen i Gransherad.
Dei fekk til saman sju barn. Den yngste sonen reiste til Amerika. Den yngste dottera, Mari, døde truleg ung.
Gransheradsoga fortel:» Mjaugeto er rudd av Harald Aslaksson i 1820-åra. I eit dikt kan ein lese om Mjaugeto at «det ligg uppi ei skorte med gamle hus og gronem jord», og det var nok bra. Livet som husmann var hardt, og å rydde ein gard om mogleg enda hardare.
Harald skulle vera så lett på foten. Det vart fortalt at han sprang til Kongsberg etter doktor, for soknepresen Lind hadde vorte sjuk under gudstenesta i Gransherad kyrkje. Det var i 1819, da var Harald 28 år gamal.
Harald var ein sterk og sprek kar. Han dreiv mykje med jakt og det vert fortalt at han skaut fleire bjørnar. Gransheradsoga fortel fleiere historier «Ein skaut han oppe på mjaugetonuten, men bjørnen fall utfyre, så Harald fekk eit svare strev med å frakta kjøtt og skinn heim til Mjaugeto. På Nybu skaut han og ein bjørn.
Ein gong var Harald på bjørnejakt saman med ein mann frå Langerud i Heddal. Det var ei binne dei jaga etter, og da ho ikkje kunne koma unna lenger, gauv ho på Langeruden, som hadde eit svare strev med å halde henne frå seg. Harald prøvde å få skot på binna, men han var redd for at han skulle treffe jaktkameraten sin. Til slutt ropa Langeruden: «Du får skote, same koss det gjeng!» Harald skaut, og var så heldig at binna datt saud på flekken.»
Gunhild døde på Mjaugeto 54 år gamal i 1847.
Harald hadde vore enkemann i 4 år da han drukna på Nordsjø ved Tangen brygge den 4, juli 1851, da var han 59 år gamal. Ola, sonen hans, var med han. Det er ført dobbelt sett med kyrkjebøker, ei i Hjartdal og ei i Gransherad for denne perioden. I kyrkjeboka frå Hjartdal står det "Druknet i Nordsjøen, av han var beskjenket". I kyrkjeboka frå Gransherad er den siste del av setningen utelatt.
I Gransheradsoga på s. 43 står det eit eige kapittel om Harald Mjaugeto.
Kjetil Kvaale skriv om Harald Mjaugeto i diktet "Siljudals-grenda".
Til Mjaugeto vil me så oss vende.
Der rudde Harald, og braut og bende.
Det var den tida då trongt det var,
for borgar, bonde, for klok og kar.
Men han var ledug og lett på foten,
av arme kår vart han ikkje broten.
Han sprang ei mil, han kund' springe tvo,
i gang og trav honom ingen stod.
Då Lind blei sjuk, og laut lækjar hente,
det Harald var som avgarde sendte.
Dei mila fem han til Kongsberg gjekk,
og dokter med seg attende fekk.
På hesten, doktoren snøgt seg kasta,
vestover bars det, du veit det hasta.
Men Harald jamsides hesten sprang,
og like fort for dei vegen lang.
|
Barn |
| 1. Ole Haraldsson Mjaugeto, f. 22 Mar 1813, Bakken u Hafsten, Gransherad, Telemark , d. 3 Nov 1854, Mjaugeto u Siljudalen, Gransherad, Telemark (Alder 41 år) |
| 2. ASLAK Haraldsson Mjaugeto, f. 18 Jul 1816, Nautestret, Gransherad, Telemark , d. 9 Jul 1892, Kleiva u Lynnevik, Gransherad, Telemark (Alder 75 år) |
| 3. Kittil Haraldsson Mjaugeto, f. 7 Jul 1820, Nautestret, Gransherad, Telemark , d. 29 Nov 1889, Sandbakken u To, Gransherad, Telemark (Alder 69 år) |
| 4. Kari Haraldsdotter Mjaugeto, f. 9 Jun 1824, Mjaugeto u Siljudalen, Gransherad, Telemark , d. 1890, Dalen u Grandås, Gransherad, Telemark (Alder 65 år) |
| 5. Sveinung Haraldsson Mjaugeto, f. 11 Apr 1827, Mjaugeto u Siljudalen, Gransherad, Telemark , d. 6 Jul 1884, Bakken u Hafsten, Gransherad, Telemark (Alder 57 år) |
| 6. Ole Haraldsson Mjaugeto, f. 25 Aug 1830, Mjaugeto u Siljudalen, Gransherad, Telemark  |
| 7. Mari Haraldsdotter Mjaugeto, f. 4 Aug 1836, Mjaugeto u Siljudalen, Gransherad, Telemark  |
|
Bilder |
 | Giftermål
|
 | Gransheradsoga s 41
|
Sist endret |
2 Jul 2023 |
Famile ID |
F394 |
Gruppeskjema | Familiediagram |