Familie |
OLA Halvorsen Onsgard Tamburplass, f. 1748 EL 1747, d. 1787 (Alder 40 år) |
Gift |
28 Okt 1775 |
Nes kyrkje, Hallingdal |
Notater |
- Om Ola og Margit på Tamburplass
Ola kom frå Onsgard, og Margit frå Tingstugutomtin under Grimsgard. I 1779, fire år etter at dei gifta seg, lånte Ola 99 riksdaler og kjøpte Plassen som bruket heitte da. Da dei blei trulova, heiter det at Ola var tambur. Det er nok dette som har gjort at bruket etter kvart blei kalla Tamburplass.
Ola og Margit fekk fire barn, sonen Halvor døde som liten.
Ola blei ikkje gamal. Ni år etter at dei kjøpte plassen døde Ola. Margit blei sitjande att med tre barn under elleve år. Dottera Astri var berre eitt år.
Det blei halde skifte etter Ola i 1782, og alle eigedelane blei lista opp. Blant anna 2 gryter, 1 panne, 1 plog, 1 tønne og 1 messingstake. Av husdyr var det ei ku og ei fjorkvige. Taksten på Tamburplass blei på netto 13 riksdaler. Verge for barna blei Kristen Grimsgard.
Margit selde stølen Myking for 20 rdlr. og lånte pengar av bror sin og på eit vis klara ho å halde på plassen. Men det har nok ikkje vore lett. Ved folketeljinga i 1801 er Margit "Betler" og sonen Nils "Gaar i dagleje". Ei Guri Larsdatter bur også på Tamburplass i 1801, ho livnærer seg også med tigging.
Sonen Halvor blei innrulla som soldat i 1800 og var ute i krigen 1807 til 1814. han blei dimitert i 1816 og namnet hans er registrert på bautaen i Nes.
Halvor og systera Astri gifta seg begge same dagen, 31. oktober 1813. Halvor med Margit Rukke og Astri med Halvor Klype.
Det blei Halvor som tok over Tamburplass mot at broren, Nils, skulle få bruke eit mål åker og ein liten bråte (lita hytte) som han skulle ha så lenge han levde. Om eldste sonen Nils stod det i ei militæliste at han var 69 tommer høg og "Lidt lavhalt". Han blei buande på garden og var legdslem den siste tida han levde.
Slekta etter Ola og Margit er framleis eigare av Tamburplass.
|
Barn |
| 1. Nils Olsson Tamburplass, f. 1776, Grimsgardseie, Nes, Hallingdal, Buskerud  |
| 2. Halvor Olsson Tamburplass, f. 1779, Tamburplass, Nes, Hallingdal, Buskerud , d. Før 1782 (Alder < 2 år) |
| 3. Halvor Olsson Tamburplass, f. 1782, Tamburplass, Nes, Hallingdal, Buskerud , d. 1873 (Alder 91 år) |
| 4. ASTRI Olsdatter Tamburplass, f. 1786, Tamburplass, Nes, Hallingdal, Buskerud , d. 31 Okt 1831, Klype u Eidal, Nes, Hallingdal, Buskerud (Alder 45 år) |
|
Bilder |
 | Tamburplassen - 60.55835º N, 9.06210º Ø
|
Sist endret |
9 Apr 2023 |
Famile ID |
F538 |
Gruppeskjema | Familiediagram |