Notater |
- Om Torkild og Mari i Juve
Torkild var 30 år og Mari 23 då dei gifta seg i Hovin kyrkje. Dei budde ei stund på Haugen under Bakka. Plassen, som også blei kalla Gampehaug, er no for lengst nedlagt og heilt tilgrodd.
Det var systera til Mari og mannen hennar som var husmannsfolk i Juve. Da dei flutte til Tveito overtok Torkild og Mari. Dette var omkring 1872.
Mari og Torkil fekk 7 barn. Alle levde opp og gifta seg. Kari og Hellek flytta til Kongsberg og Sandsvær, Svein skal ha flytta til Grue og Ola utvandra til Amerika. Torkil dør av kreft i 1897. Mari som no er 66 år blir buande i Juve. Ho få hjelp av sønene sine med å betale leiga for plassen med at dei var med i slåtten på Øvre Høyset. Dotterdottera Gunhild hjelpte til heime.
Mari gifta seg på nytt med Hans Hågensson Plassen/Runningen frå Vestfossen (eller Hans H. Pluns som Hans Linøye kalla han). Da var Mari 79 år og Hans 75, så dei "var ikkje nettopp nokon ungdomar da dei smurde i veg med ny brudeferd" (Hovinsoga). Ho var nok likevel litt ustø da ho gifta seg andre gongen, for da dei gjekk opp kyrkjegolvet og Mari snubla litt, skal brudgommen ha sagt til brura, "Statt fe Mari".
Mari vart buande i Juve til Hans døydde, da var Mari 88 år gamal. Mari livnæra seg med spinning og strikking.
Dei som kjende Mari sa at ho var så lett på foten at ho sprang frå Juve som ligg nede ved elva og opp til Sauro, og da var ho over dei 80, men "lett på foten som ei ungjente". Dei som er kjent her veit at det er frykteleg bratt opp denne lia. Det blei også fortalt at ho strikka mens ho sprang. I Hovinsoga står det om Mari at "Ho hadde eit usliteleg godt humør så låtten snart losna hjå tilhøyrarane. Det er skrive upp mange sogur om gamle hende i bygda etter henne". Dei siste åra av livet budde ho mykje hjå eldste dottera si i Dårud-Åsen.
|
Barn |
| 1. Kari Torkjelsdotter Juve, f. 30 Aug 1855, Gampehaug/Haugen u Bakka, Hovin, Telemark , d. 1942, Kongsberg, Buskerud (Alder 86 år) |
| 2. OLA Torkjelsson Juve Dalen, f. 27 Aug 1859, Gampehaug/Haugen u Bakka, Hovin, Telemark , d. 23 Aug 1939, Dalen nordre, Hovin, Telemark (Alder 79 år) |
| 3. Østen Torkjelsson Juve Sollid, f. 4 Mar 1862, Gampehaug/Haugen u Bakka, Hovin, Telemark , d. 13 Okt 1936, Sollid (Alder 74 år) |
| 4. Tarald Torkjelsson Juve Dårud, f. 9 Mai 1867, Gampehaug/Haugen u Bakka, Hovin, Telemark , d. 31 Jan 1949 (Alder 81 år) |
| 5. Ole Torkjelsson Juve, f. 12 Feb 1870, Gampehaug/Haugen u Bakka, Hovin, Telemark , d. 23 Feb 1949, Rushford, Fillmore, Minnesota, USA (Alder 79 år) |
| 6. Hellik Torkjelsson Juve, f. 14 Jan 1872, Gampehaug/Haugen u Bakka, Hovin, Telemark , d. 4 Feb 1941, Kastet, Sandsvær, Buskerud (Alder 69 år) |
| 7. Svein Torkjelsson Juve, f. 12 Jan 1875, Juve u Høyset, Hovin, Telemark , d. 2 Feb 1945, Elverum sykehus (Alder 70 år) |
| 8. Gutebarn, f. 15 Sep 1878, Juve u Høyset, Hovin, Telemark , d. 15 Sep 1878, Juve u Høyset, Hovin, Telemark (Alder 0 år) |
|