Notater |
- Om Aslaug og Knut i Renslo.
Knut var født i Renslo då Renslo var husmannsplass under Bakka. Knut mista far sin då han var tre år gamal. Mor hans gifta seg opp at og då Knut var 5-6 år gamal reiste familien til Stavanger. Der hadde dei vandra omkring i området eit års tid, før dei flutte tilbake til Hovin. Dei busette seg då i Fossekose.
Aslaug var født på Tveito, men vaks opp i Renslo. Mor hennar døydde då Aslaug var 12 år gamal. Far hennar gifta seg aldri på nytt, så Aslaug fekk nok mykje av ansvaret for sine to yngre søsken.
Knut og Aslaug gifta seg i 1852, da var Aslaug 18 år. Dei fekk 8 barn. Dei fyrste åra etter at dei vart gift budde dei på Mogen under Fosso.
Dei kjøpte Renslo av far til Aslaug i 1870.
Knut døde i 1875, og ved folketeljinga same året står Aslaug oppførd som enke og "Gardbrugerske Selveierske". Dei fire eldste barna "Hjælper Moderen med Gaardsbruget". Far til Aslaug er føderådsmann og bur på garden, men i sin eigen husholdning.
Eldste sonen Ole døydde 26 år gamal av tæring i 1879.
Det var sonen Jon som fekk skøyte på garden i 1882 etter mor si, Aslaug, som da var enke. Jon kom ikkje til å stifta familie, og då Jon også døyr av tæring i 1897 blir garden skøyta over til broren Gunleik.
Da Aslaug døyr i 1894 blir ho skive inn i kyrkjeboka som Aslaug Knudsdtr. enke med føderaad på Renslo.
|
Barn |
| 1. Ola Knuttson Renslo, f. 11 Sep 1852, Mogen u Fosso, Hovin, Telemark , d. 7 Jun 1879, Renslo, Hovin, Telemark (Alder 26 år) |
| 2. Jon Knutsson Renslo, f. 31 Aug 1855, Mogen u Fosso, Hovin, Telemark , d. 3 Jul 1897, Renslo, Hovin, Telemark (Alder 41 år) |
| 3. ÅSNE Knutsdotter Renslo Dalen, f. 20 Apr 1858, Mogen u Fosso, Hovin, Telemark , d. 15 Jun 1907, Dalen nordre, Hovin, Telemark (Alder 49 år) |
| 4. Kittil Knutsson Renslo, f. 26 Sep 1860, Vasstveitjordet, Hovin, Telemark , d. 21 Des 1900, Søråsdekkan, Hovin, Telemark (Alder 40 år) |
| 5. Neri Knutsson Renslo, f. 3 Okt 1863, Vasstveitjordet, Hovin, Telemark , d. 9 Aug 1865 (Alder 1 år) |
| 6. Gro Knutsdotter Renslo, f. 27 Des 1866, Renslo, Hovin, Telemark , d. 12 Aug 1939 (Alder 72 år) |
| 7. Gunleik Knutsson Renslo, f. 22 Jul 1870, Renslo, Hovin, Telemark , d. 16 Apr 1959 (Alder 88 år) |
| 8. Knut Knutsson Renslo, f. 2 Aug 1873, Renslo, Hovin, Telemark , d. 16 Jun 1877, Renslo, Hovin, Telemark (Alder 3 år) |
|