Familie |
HØLJE Nilsson Nyland Søråsdekkan, f. 8 Jan 1877, Urdalskasin, Hovin, Telemark , d. 2 Okt 1949, Søråsdekkan, Hovin, Telemark (Alder 72 år) |
Ekteskapslysning |
8 Feb 1914 |
Hovin kyrkje |
Gift |
21 Feb 1914 |
Gransherad kyrkje [5] |
Bosted |
1917 |
Søråsdekkan, Hovin, Telemark |
Bosted |
1920 |
Gamle Ingolfsland, Rjukan, Tinn, Telemark [6] |
Notater |
- Om Åsne og Hølje på Nyland og i Søråsdekkan
I dåpsprotokollen står Hølje oppført som "uægte". Foreldra gifta seg ein månad etter han vart født. Foreldra hans, Nils og Mari, var begge tenestefolk i Urdalen da dei gifta seg. Deretter flutte dei mykje omkring i bygda. Blant anna i Urdalskasin, Peterud under Espeset, Kvenndalen, Bjørnskås og i Rue nordre. Det var vel i Bjørnskås dei budde lengst.
Omkring 1900 fekk Hølje Nilsson utskilt eit jordstykke frå Jore, og der bygde han seg hus og kalla det Nyland. Staden vart til dagleg kalla Svingen. Foreldra til Hølje budde saman med han.
Den 1. desember 1910 bur Hølje "midlertidig" på Klonteig på Mæl saman med broren Nils i følgje folketeljinga.
Hølje kjøpte Søråsdekkan i 1917 av Øystein Kåsa.
Søråsdekkan hadde vore ein plass under Øverbakke, fram til 1897, da Kittil Knutsson Reinslo hadde kjøpt Søråsdekkan for kr. 1990,-
Oluf Rygh, som skreiv boka Norske Gaardnavne, meiner at namnet Søråsdekkan kjem frå ordet "dokk" i fleirtal. Altså ei dokk, fleire «dekka». Renslo, sier Rygh, kom fra "en bakke, hvorover man nedstyrter Ved eller Tømmer"
Åsne og Hølje gifta seg i Gransherad i februar 1914. Hølje var da "arbeider på Rjukan". Han arbeidde på Rjukan i ein del år, også etter at han og Åsne gifta seg i 1914.
Dei fekk fire søner og to døtrer. Dei flutte nok litt til og frå mellom Hovin og Rjukan. Sonen Nils vart født på Rjukan i 1914, Olav i Hovin i 1917, og i 1920 vart sonen Aslak født på Rjukan. Da budde dei på Ingolfsland på Rjukan, og Hølje arbeidde på Rjukan Salpeterfabrikk. Etter dette verkar det som om dei busette seg i Søråsdekkan og Hølje blei gardbrukar på heiltid.
Åsne Søråsdekkan vart valt inn i styret i Hovin fråhaldslag. Den 2 mars 1946 var det årsmøte med fest på Øverbakke. Innlegget i avisa avsluttar slik "Festen slutta ved omlag 24-tida."
Åsne via mykje av tida si på arbeidet i fråhaldslaget og var også lenge med i sjømannsmisjonen.
Hølje fekk på ein eller annan måte øydelagt foten sin, han kunne ikkje bøye det eine kneet sitt. Dette ser en tydeleg på bilete av familien. Han døde 72 år gamal i 1949.
Åsne var enke i 23 år, mesteparten av tida budde ho i Søråsdekkan. Det var sonen Nils som overtok garden, og Åsne budde i 2. etasje. Etter kvart som ho blei eldre budde ho litt hjå døtrene sine, Tulla og Anne. Ho døde nyttårsaftan i 1972, da budde ho hjå Tulla i Porsgrunn. Ho var då 81 år gamal.
|
Barn |
| 1. Nils Søråsdekkan, f. 6 Sep 1914, Rjukan, Tinn, Telemark , d. 1 Jan 1975 (Alder 60 år) |
| 2. Olav Søråsdekkan, f. 29 Jul 1917, Nyland, Hovin, Telemark , d. 17 Des 1962 (Alder 45 år) |
| 3. Aslak Søråsdekkan, f. 30 Jan 1920, Rjukan, Tinn, Telemark , d. 22 Okt 1976 (Alder 56 år) |
| 4. Knut Sørås, f. 21 Feb 1922, Søråsdekkan, Hovin, Telemark , d. 1 Jan 1999, Tinn helsetun, Austbygde, Tinn, Telemark (Alder 76 år) |
| 5. Åsne Marie (Tulla) Søråsdekkan Nøkland, f. 10 Okt 1923, Søråsdekkan, Hovin, Telemark , d. 26 Okt 2011, Porsgrunn, Telemark (Alder 88 år) |
| 6. ANNE Søråsdekkan Flåto, f. 9 Jul 1926, Søråsdekkan, Hovin, Telemark , d. 31 Okt 2017, Tinn Austbygd, Telemark (Alder 91 år) |
|
Bilder |
| Giftermål nr 01
|
| Gravminne
|
| Folketelling 1920
|
Sist endret |
1 Des 2024 |
Famile ID |
F81 |
Gruppeskjema | Familiediagram |