Familie |
HALVOR Høljessen Dårud, f. 1706, Helleberg, Heddal, Telemark , d. 1784, Dårud, Hovin, Telemark (Alder 78 år) |
Gift |
11 Jul 1762 |
Hovin kyrkje [3] |
Notater |
- Om Birgit og Halvor i Dårud
Halvor var 24 år eldre enn Birgit. Vi veit jo at på den tida var giftarmål den viktigaste måten å sikre alliansar mellom gardar og familiar. Både Grov og Dårud var vel å rekne for "storgardar" i Hovin på denne tida. Om det er tilfelle i dette ekteskapet, eller andre ekteskap på den tida er uråd å seie, men det kan vel tenkjast når alderskildnaden mellom ektefellane blir så stor.
Halvor overtok Dårud på skiftet etter far sin i 1750. Birgit og Halvor fekk berre tre barn. to døttre og ein son. Sonen Hølje døde 9 år gamal. Dottera Gro overtok Dårud og Ingebjørg gifta seg til Fosso.
Halvor skal ha vore ein svært sterk mann. Denne historia er henta frå Hovinsoga. Halvor Dårud og Halvor Baklien hadde bjørneåte ved Sjåheim oppe i Bakliåsen. Dei vakta åta kvar si natt. No var det Halvor Dårud sin tur. Han hadde lege lenge, men det kom ingen bjørn. Han reis opp, let børsa ligge i anlegg i skyteskåret og tok ein liten sving for å rette seg. Brått stod han rett framfor ein bjørn, vergelaus som han var. I neste augeblink tok han bjørnen og slengde han mot eit tre så ryggen rauk av.
Halvor dør 78 år gamal. Presten skreiv 84 år i kyrkjeboka, om det var presten som tok feil eller om det var familien som ikkje riktig kunne hugse kor gamal han var er ikke godt å vite. Birgit som sikkert har hatt føderåd på Dårud hjå dottera og mannen hennar dør 9 år seinare.
|
Barn |
| 1. Gro Halvorsdotter Dårud, f. 1763, Dårud, Hovin, Telemark , d. 1813, Dårud, Hovin, Telemark (Alder 50 år) |
| 2. INGEBORG Halvorsdotter Dårud, f. 1765, Dårud, Hovin, Telemark , d. 9 Mar 1844, Evjukås, Hovin, Telemark (Alder 79 år) |
| 3. Hølje Halvorsson Dårud, f. 1768, Dårud, Hovin, Telemark , d. 1778, Dårud, Hovin, Telemark (Alder 10 år) |
|
Bilder |
| Vielse nr 7
|
Sist endret |
25 Mar 2024 |
Famile ID |
F762 |
Gruppeskjema | Familiediagram |