På leit etter slekta

ANDRES Rasmusson Høgrud

Mann Ca 1640 - Før 1705  (< 64 år)


Personlig informasjon    |    Notater    |    Alle    |    PDF

  • Navn ANDRES Rasmusson Høgrud 
    Født Ca 1640  Rollag, Numedal, Buskerud Find all individuals with events at this location 
    Kjønn Mann 
    Død Før 1705 
    Person ID I3160  mf-1
    Sist endret 2 Jan 2000 

    Familie NN Helleksdtr. Kjemhus 
    Barn 
     1. TOV Endresson Landerud,   f. Veggli, Numedal, Buskerud Find all individuals with events at this location,   d. 1738, Landerud, Rollag Find all individuals with events at this location
    Sist endret 25 Mar 2024 
    Famile ID F1055  Gruppeskjema  |  Familiediagram

  • Notater 
    • Andres Høgrud skulle vistnok væra etta frå Kristen Laugi. Han kjøpt garden, truleg av svigerfar sin i 1680. Før dette var Høgrud ein plass under Kjemhus i Rollag. Han og kona, som var ei av døttrene til Hellek Kjemus, fekk 10 barn. "Andres var ein tempramentssterk mann for å seie det mildt" (RB bind1 s.429). Han blei stemna for retten fleire gonger:
      - i 1672 blei han stemd for retten fordi han dei siste 12 åra ikkje hadde møtt til våpenting (eksisøvingar) og for å ha overfalle lensmann Gunnar Stormoen med kniv, utan at lensmannen blei skadd. Vidare hadde Andres knivstukke Torstein Torbjørnsson og gitt Hølgje Staupset 2 "øksehammarslag" Straffa var at han skulle setjas i fengsel og jarn på Bremerholm (den store danske straffeanstalten) og betala bot på 20 rdl., saka enda allikevel med at futen ettergav straffa mot at Andres bar seg skikkelg åt etter dette
      - i 1681 blei Andres sjølv knivstukken av Offen Pederson.
      - i 1685 vart Andres på nytt stemna for knivstikk og laut bøte 8 daler 13 merker sølv.
      - også i 1686 blei han bøtelagt for knivstikking
      - i 1691 var han tiltala for å ha stole rug og høy to gonger, han tilsto og blei dømt til å betala ei bot på 3 lodd sølv.
      - i 1695 blei han stemna for å ha stukke Tron Johansen i bringa.
      Tross alt dette, (og meir til) blei han gong etter gong fra 1672 og fram til 1691 blei peika ut til lagrettemann. På grunn av alle bøtene fekk han etter kvar ei stor gjeld, og han måtte pantsetje garden sin til sonen Tov på Landerud. Det var eldste sonen Rasmus som til slutt overtok Høgrud, I.flg. Rollag Bygdebok fall vist ikkje eplene så langt i frå stamma, fleire gonger ser vi at slektningane dukkar opp i rettsprotokollar (både søner og døtre).


Sidene drives av The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 13.1, skrevet av Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Redigert av Marianne Flåto.