Notater |
- Om Gro og Knut på Vasstveit
Presten i Rollag skriver "Domin. Misericord. Rollaug trolovet ungekarl af Tinds Præstegield i Hoven Annex Knudt Halvorsen Vastvedt, som hafde Capellanens Cornelius Normands Attest om sit Christsomelige lefnet der i Meenigheden samt at hand der iche var bundet til nogen ved Ægteskabs løffte, med Pigen Groe Olsd. Gaarder, at I det øvrige intet er som dette Ægteskab i nogen Maade kand forbyde effter Loven og de Kongl. Forordninger derfor Caverer med sine Zigneter Jngebrigt Helleksen Tveten (LS) Ole Jermunds. Mogstue (LS)"
Dei fekk til saman ni barn, men fire av dei døde før dei fylte eitt år. De fem andre voks opp og blei gift alle saman.
Det gjekk eit sagn om døtrene på Vasstveit og Hovinsoga fortel slik:
"Det var tre fagre og spretne jenter på Vasstveit: Anne, Birgit og Olaug. Om desse jentene er det fortalt at dei "kledde stolen" ei jonsoknatt for å sjå kven dei skulle få til ektemenn. Det skulle vera Olaug som fann på at dei skulle prøve denne gamle råda for å sjå om ho ville få Hans Olsson Jørisdal som var ein staut kar og son til lensmann Ola Jørisdal. Ho fekk overtala systrene til å setja seg i buret på Vasstveit. Til Olaug kom rett nok Hans Jørisdal og drakk av brennevinsglaset som tydde lykke og velstand. Ho vart også gift med Hans.
Til Birgit kom det ein gut kledd i soldatuniform og drakk av ølskåla som tyder noko midt i mellom fattigdom og rikdom. Ho kjende ikkje guten da, men ho vart gift med sersjant Christian Heier, og dei kom til å bu på Måremsrud i Atrå i Tinn.
Men til Anne som var den finaste og beste jenta av dei tre systrene, kom det ein svartdemd og uvandt kledd kar som flirte til ho da han tok vassbollen og drakk lenge og vel. Ho tålte ikkje dette synet og fall i uvit innved bordet dei satt ved, og då ho rådde or att, forplikta ho seg på at før ho gifta seg med han, skulle ho gå ugift all sin dag, om så med teine på sine gamle dagar. Men korleis det var eller ikkje var, så vart ho gift med Gunleik Olsson, Svarte-Gunleik kalla. No vart det ikkje så ille som dei trudde. Gunleik var ein flink kar, men han var ikkje gardmannsson, ser du, og da så."
|
Barn |
| 1. Sigrid Knutsdotter Vasstveit, f. 1759, Vasstveit, Hovin, Telemark , d. 1759, Vasstveit, Hovin, Telemark (Alder 0 år) |
| 2. HALVOR Knutsson Vasstveit, f. 1760, Vasstveit, Hovin, Telemark , d. 1791, Vasstveit, Hovin, Telemark (Alder 31 år) |
| 3. Gjermund Knutsson Vasstveit, f. 1763, Vasstveit, Hovin, Telemark , d. 1763 (Alder 0 år) |
| 4. Sigurd Knutsson Vasstveit, f. 1764, Vasstveit, Hovin, Telemark , d. 1764 (Alder 0 år) |
| 5. Anne Knutsdotter Vasstveit, f. 1766, Vasstveit, Hovin, Telemark , d. 1801 (Alder 35 år) |
| 6. Birgit Knutsdotter Vasstveit, f. 1768, Vasstveit, Hovin, Telemark , d. 1808 (Alder 40 år) |
| 7. Olaug Knutsdotter Vasstveit, f. 1770, Vasstveit, Hovin, Telemark , d. 17 Feb 1860, Midtgarden, Hovin, Telemark (Alder 90 år) |
| 8. Ole Knutsson Vasstveit, f. 1773, Vasstveit, Hovin, Telemark , d. 29 Nov 1849, Bakka, Hovin, Telemark (Alder 76 år) |
| 9. Åsne Knutsdotter Vasstveit, f. 1776, d. 1776 (Alder 0 år) |
|