Notater |
- Eivind hadde odel i 10 skinn i Eie gard i Nore sokn i Numedal. Eivinds mor var truleg fra nord-Eie, Bestemora hans på farssida var fra Borge i Nore. I 1677 makeskiftar Eivind og syskenbarnet hans Torgeir slik at Eivind får odel og åsete i Hove og Torgeir overtar dei 10 skinna i Nord Eie, Men Torgeir sel dette tilbake til Eivind få år etter.
Etter ein del salg og byting fram og tilbake er det ein Knut Tollefsen nord-Eie som overtar dei 10 skinna i Nord-Eie i 1693. Da er Eivind død, og det er kona og sonen Knut som tar seg av handelen. (Hovinsoga s. 21)
Eivind gifta seg med Åsne Guttormsdtr. Vasstveit. Dei overtok Vasstveit og fekk ein son, 1)KNUT. Det må væra Åsne som arva Vasstveit etter far sin.
Åsne heldt skifte mellom seg og einaste sonen, Knut, i 1695, ho skal da gifte seg med Johannes Ellefsen Helleberg. Dette giftemålet vart det nok ikke noko av, for i 1698 var Johannes gift med Gro Olsdtr. og dei hadde fått sitt første barn, dei budde i Skibdalen. Åsne døde i 1699.
|