Notater |
- Om Ole og Kari som utvandra til USA
Ole gifta seg 20 år gamal med 19 år gamle Kari Staaland frå Uvdal. Ole er "skomager".
Dei får to barn, Torkjel og Greger. Dei bur tre år i Uvdal, men det er ikkje så greitt å fø ein familie i Noreg på denne tida om ein ikkje eig gard og grunn. Dei bestemmer seg for å prøve lykka i Amerika.
Dei reiser ut frå Oslo den 5. mai 1893 med kurs for Quebec. Når dei reiser frå Oslo kallar dei seg Ole T. Staaland og Kari Staaland.
Kva som skjedde i Canada er ikkje godt å si. Det har heller ikkje lykkas å finne innreisepapir til USA, men det neste barnet, Elmer, blir født i Norway, Minnesota. No heiter familien Ole og Carrie Haugen. Kari kallar seg framelis frå tid til annan Carrie eller Kari Staaland. Det er grunnen til at det har lykkas å finne dei.
United States Census 1900 fortel at Ole og Carrie no budde i Money Creek Township med 5 barn, Torkil som no heiter Thomas (9), Greger som har blitt George (7), Elmer (5), Mabel (4), og Gina (2). Der stod det at Ole og kona immigrete til Amerika i 1893. Ole er no oppført som en snikkar og han leiger husvære.
Dei flytter nokså snart til Rushford der Ole blir "farmer".
Ved folketeljinga i 1910 hadde dei 10 barn. Vesle Elva Marie hadde gått bort same året, eit år og ein dag gamal.
I August 1911 må det ha gått ein stygg farsott. Elvin Martin (2 mnd) dør 23. august. Clarence Oliver (11 år) dør 25 august. Fem dagar seinare dør også Selmer Edvard (4 år). Det blir ikkje oppgitt kva som var dødsårsaken.
Etter dette får Ole og Carrie tre barn til. Det siste barnet, Elvira, dør rett etter fødselen.
Ved folketeljinga i 1940 finn vi framleis Ole og Carrie i Rushford. No bur dei aleine, og Ole er framleis "farmer". Ole dør i 1949. Da var han nesten 80 år og hadde vore sjuk ei tid. Kari, eller Carrie, blei 83 år gamal. Det finst bilete av gravsteinen deira.
Ole og Carrie vart foreldre til i alt 15 barn. Da Carrie døde i 1949 hadde ho 36 barnebarn og 45 oldebarn. Etter det har nok familien og etterslekta deira vorte enno større.
|
Barn |
| 1. Torkil (Thomas) Olsson Staaland Haugen, f. 14 Mar 1891, Imingen, Uvdal, Buskerud , d. 28 Mar 1958, Winona, Minnesota, USA (Alder 67 år) |
| 2. Greger (George) Olsson Staaland Haugen, f. 29 Jul 1892, Nørsterud, Uvdal, Buskerud , d. 28 Sep 1976, Hopkins, Minnesota, USA (Alder 84 år) |
| 3. Elmer Haugen, f. 23 Aug 1894, Norway, Fillmore, Minnesota , d. 18 Apr 1959 (Alder 64 år) |
| 4. Mabel Haugen Moran, f. 12 Apr 1896, Rushford, Fillmore, Minnesota, USA , d. 1 Aug 1971, Portland, Oregon, USA (Alder 75 år) |
| 5. Gina Haugen Moran, f. 12 Aug 1897, Rushford, Fillmore, Minnesota, USA , d. 5 Okt 1989 (Alder 92 år) |
| 6. Clarence Oliver Haugen, f. 6 Aug 1900, d. 25 Aug 1911, Rushford, Fillmore, Minnesota, USA (Alder 11 år) |
| 7. Walter Haugen, f. 11 Apr 1902, Rushford, Fillmore, Minnesota, USA , d. 25 Jul 1977, Rushford, Fillmore, Minnesota, USA (Alder 75 år) |
| 8. Olga Cathrine Haugen Sweningson, f. 9 Des 1903, Rushford, Fillmore, Minnesota, USA , d. 4 Jan 1995 (Alder 91 år) |
| 9. Hans Ludvig Haugen, f. 25 Nov 1905, d. 12 Sep 1936 (Alder 30 år) |
| 10. Selmer Edward Haugen, f. 26 Okt 1907, d. 31 Aug 1911, Rushford, Fillmore, Minnesota, USA (Alder 3 år) |
| 11. Elva Marie Haugen, f. 13 Sep 1909, d. 14 Sep 1910, Rushford, Fillmore, Minnesota (Alder 1 år) |
| 12. Elvin Martin Haugen, f. 17 Aug 1911, d. 23 Aug 1911, Rushford, Fillmore, Minnesota, USA (Alder 0 år) |
| 13. Clarice Olive Haugen Tudahl, f. 29 Okt 1913, Rushford, Fillmore, Minnesota , d. 9 Jul 1999, Rushford, Fillmore, Minnesota (Alder 85 år) |
| 14. Evelyn Selma Haugen Hellerud, f. 16 Jun 1915, Rushford, Fillmore, Minnesota, USA , d. 26 Jun 1989, Winona, Winona County, Minnesota, USA (Alder 74 år) |
| 15. Elvira Haugen, f. 19 Des 1918, Rushford, Fillmore, Minnesota, USA , d. 19 Des 1918, Rushford, Fillmore, Minnesota, USA (Alder 0 år) |
|