| Notater |
- Det er ikkje mykje vi får vite om Kittil Persson Hovinbøle. Han er nevnt i eit dokument datert 2/8 1677 Der det står at han har hatt "leiermål" med Gro for ei tid sidan (skifte etter Torstein Olsson Hove). Kona Gro arva truleg ein part i Bratterud, og dei busette seg nok der. Bratterud var på denne tida eit underbruk av Hove.
I skifte etter far til Gro står det at Gro Torsteinsdtr. har "hafet leiermål med Kidel Hovenbøllet, men hendes Fader haver tilgivet hende og bekosted bryllup samt givet hende arf" Denne arven er truleg denne parten i Bratterud. Det er vel også rimeleg å tru at Gro gifta seg med Kittil Hovinbøle, sjølv om han seinare blir kalla Kittil Persson.
Kittil og Gro fekk eit barn som vi veit om: Gunleik Kittilsson.
Gro vart gift 2. gong med Gunleik Torsteinsson.
|