Notater |
- Om Ambjørg og Oluf
Oluf vart eigar av Vrenne ved skiftet etter foreldra i 1668. Han gifta seg med Ambjørg, som truleg var frå Sporan i Nore Uvdal. Oluf og Ambjør fekk 6 barn, 4 søner og 2 døtre. Oluf Vrenne var prestens hjelpemann og måtte m.a. væra vitne i ymse kjørkjelege saker.
På Vrenne var det ei "uhyggeleg hending" i flg. boka Nore Uvdal i forn og nye. " I slutten av september 1682 vart det halde eit festeøl på Vrenne, kanskje for den eldste sonen, han var da 17 år. I boka står det vidare "Om kvelden vart det trette og slagsmål ute i koven. Anulf Hvammen trudde dei ville overfalla han. Han drog kniv, ljoset slokna i bråket, og Anulf hogg rundt seg i mørket. Då hadde han med eller mot sin vilje råka Nils Helgesen Rustad og gjeve han eit fælt skjær i hovudet, og deretter kom han seg nok på dør" Han livde dagen etter , men han "gav seg fælt", og han døydde 7 dagar etter.
Oluf Vrenne blei også skulda i ei farskapssak, men han blei frikjend fordi Sebjør, barnets mor tilstod at ho hadde skulda Oluf fordi Ambjør var skuldig henne for arbeid. Saka kom til retten, og Oluf blei som sagt frikjent, men Sebjør "må ansees som vanvittig", og ho skulle væra ute av bygda og fogderiet innan pinsedag. Den som hadde henne i hus etter den tid, skulle bøte for kvar natt "ligesom den der huser fredløse folk". Dommen er datert den 24/2 1686. (NU s.2162)
Etter at Ambjør døde, truleg før 1689, gifta Olaf seg på nytt med Jøran Knutsdtr. Dei fekk ingen barn. Det var halde skifte etter Oluf den 10/10 1705.
|