Notater |
- I Bygdebok for Sauherad står følgende:
Solve Ormarson vaks opp på Hem og blei med tida ein mektig mann og stor jordegodseigar, seier segna. Han blei gift med dotter til sysselmannen Bjørn Torleivsson på Nes og Lindheim, frenka si, hustru Margrete Bjørnsdotter. Tittelen hustru syner at mannen var kongens handgangne mann, men at han ikkje hadde oppnådd riddarslaget.
Med dette giftarmålet fekk han og ei mengde jordegods i eit stort område, frå Øvre Telemark til kysten, frå Tørdal til Sandsvær og langt ned i Vestfold. Det meste låg likevel i Grenlandsbygdene og kring Skien.
Solve Ormarson og hustru Margrete er nemnd i fleire diplom og i Raudeboka. I eit diplom frå september 1399 (eller 1400) nemnest Solve Ormarson og hustru Maritte Bjørnsdotter og sonen Anund. Brevet (DN VI s. 392) er svært defekt. Det fortel om eit jordbytte der Solve gav Torgeir Levordson ymse eigedomar mot å få 5 1/2 laupsland i Søndre Årnes og noko i ein annan gard i Nes. Den eine av partane Solve gav bort var visstnok 2 laupsland i Troserud i Heddal.
I 1436 var det eit drap på Troserud. Det var Anders Torgeirson som kom i skade for å drepe Arnstein Dyresson.
Den Solve Ormarson som er omtala i 1399 er òg nemnd i biskop Eysteins jordebok. Han og hustru Maritte (Margareta) hadde gjeve 7 1/2 laupsland "j Loftzgarden sem Midgarden er" på Hem til Nes Kyrkje. Me ser her sambandet mellom ætta på Lindheim i Nes og Hem i Sauhread.
Siste gong ein hører om Solve er den 1 juni 1442. Han må da ha vore over 90 år om ein skal tru segna om at han blei fødd like etter svartedauden. I 1442 var han med 35 andre utsendingar frå allmugen i Norge med på eit møte i Løsøse i Båhuslen (som da var norsk). Dei 36 mennene gjorde kjent at dei var nøgde med at riksrådet hadde vaalt Kristoffer av Bayern til konge. Elles var Solve lagrettsmann, både i Telemark og Vestfold.
Det sikraste prov om segner og tradisjoner har eit historisk grunnlag er ofte våpenskjold og segl. Anund unge Dans hadde tri raude seksodda stjerner i sølvfelt i eit segl frå 1298. Herra Anund Borgarsson til Skjelbreid nytta tri raude hjarte plassera på same måten som stjernene i seglet sitt. Solve Ormarsson segl under diplomet av 22/7 1438 siner tri fireblad eller roser og ei lita rose i foten av skjoldet. Det er visse viktige likskapar mellom dei tri segla med nokså vanlege variasjonar. Alle tri har same grunnemblem og same raude farge, tri raude stjerner, hjarte og fireblad. Det kan vera ein tilfeldig likskap, men det kan vera variasjonar av same ætteemblem.
Solve Ormarsson og hustru Margrete er nevnt i fleire diplom og i Raudeboka. Sjå (DN VI 392 og DN XI 90). Siste gong ein høyrer om Solve er den 1. juni 1442. Han må da ha vore over 90 år dersom ein skal tru segna om at han var født like etter svartedauden. (Solve og Margrete var tremenningar.)
|