Notater |
- Om Tone og Østen på Sandsdalen
Øystein var fødd på Langedrag under Kovadalen i Seljord, der faren Olav Jonson og mora Signe Andresdatter budde den tida. Etter ei tid flutte dei til ein liten plass ved Sanda i Øvre Bø, som også heiter Langedrag.
Øystein gifta seg med Tone Leivsdotter i 1815 i Seljord og i gjestebodet deira var det Olav Soterud som var spelemann. Da Olav skulle spela folk til kyrkjes sa han: "Eg kan nå ikkje dei marsane du kan, eg, Øystein; men eg skal gjera det beste eg kan." Frå gamalt av var det bruregangarar som blei nytta i slike høve.
Øystein var Telemarks fremste spelemann i sin levetid og lærer for Myllarguten. Han er også omtala som ein god snikkar og tømmermann, og ein meister i treskurd. Difor reiste han mykje både i arbeid og som spelemann, og lytta og lærde der han fór. Øystein med familie flutte ein del frå plass til plass eit bel, før dei til slutt enda opp på Sandsdalen i Seljord.
Foreldra til Øystein er dei fyrste me veit budde på Langedrag i dagens Seljord, sjølv om plassen truleg blei rudt nokre år tidlegare. Både far og bestefar til Øystein var spelemenn. Slik hadde han ein familietradisjon å ta vare på.
I same området som Langedrag i Øvre Bø budde spelemannen Olav R. Soterud (1782-1828). Han og Øystein spela mykje i lag. Langedrag og Soterud ligg på kvar si side av Bøelva, og desse to sat stundom og spela for kvarande over elvebrusen. Jon Kjos var ein viktig læremeister for Øystein, og samveret med den gode venen og jamaldringen Knut Lurås gav også frukter. Dei to spela mellom anna i lag i tre dagar på Lomodden i Seljord. Den eine sat i sengeskaret, og den andre i ein stol. Etterkvart følgdes dei så godt at det høyrdes ut som det var berre éin som spela.
Øystein lærde seg også å spela fiolin etter notar da han var i militærmusikken i København. Han var ute i ufreden i heile 7 år. Her lærde han m.a. marsjar, og han skal difor vera den fyrste i Telemark som tok i bruk bruremarsjar.
Fortalt om spelemannen Øystein Langedrag
"Eingong kom Knut Lurås reisande gjenom Seljord. Han stana på Lomodden, der det var gastgjeveri og brennvinshandel i den tidi. Som det leid på kom Øystein Langedrag au. Då spela dei i samfulle tri dagar. Den eine sat i sengjeskori og den andre i ein stol. Slik sat dei imot einannan og spela båe same slåtten, men det var berre som du skulde høyre ein spela, so godt fylgdes dei. Dette var i hardaste slåtten; men folk reiste or arbeide og til Lomodden å høyre på spelemennane, fortalde mor*. Tilslutt torde ikkje Leiv Lomodden selja dei meir brennevin, han var redd han skulde bli meld og misse retten sin, for folk vart heiltupp so dei gløymde at dei hadde arbeid og onn fyre seg." (*Mor her er Anlaug Storgård i Seljord, datter av Øystein Langedrag) Teksten her er hentet fra boka Seljord. 1, Nasjonalbiblioteket.
les mer her: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013072205150
|