På leit etter slekta
GRO Torkjelsdotter Fossekose[1]
-
Navn GRO Torkjelsdotter Fossekose Født 1794 Døpt 10 Jun 1794 Hovin kyrkje
[2] Kjønn Kvinne Død 5 Jan 1842 Fossekose (Li), Hovin, Telemark
Gravlagt 22 Jan 1842 Hovin kyrkje
[3] Person ID I516 mf-1 Sist endret 29 Sep 2022
Far TORKJEL Torkjelsson Fossekose, f. Ca 1767, d. 12 Sep 1860 (Alder 93 år) Mor GUNHILD Pedersdotter Famile ID F170 Gruppeskjema | Familiediagram
Familie 1 OLE Knutson Renslo, f. 1737, d. 15 Mai 1824, Renslo, Hovin, Telemark
(Alder 87 år) Gift 15 Nov 1817 Hovin kyrkje
[4] Notater - Om Gro og Ola i Renslo og seinare om Gro i Fossekose
Ola tok i bruk Renslo som husmannsplass under Bakka i slutten av 1700-tallet. Han var gift to gonger før han i 1817 gifta seg med Gro Torkjellsdatter som da var 21 år gamal. Han hadde ingen barn frå dei to fyrste ekteskapa. Ved folketeljinga i 1801 oppgjev Ole alderen til å være 64, altså var han født i omkring 1737, men alderen hans må tas med ei klype salt.
Ola var nok meir enn 41 år eldre enn Gro, og han døde 6 år etter giftemålet og etterlet seg kona Gro og to barn, Knut 3 år og Aslaug 2 år. Her kan ein jo alltids undre seg litt over at ein gamal mann på bortimot 70 som har vore gift to gonger og aldri fått barn gifter seg med ei ungjente på 21 og får to barn med eit års mellomrom...
Då Ola døyde blei alderen oppgjeve å væra 80 år, men han var kanskje ikkje meir en drygt 70. Han døde i mai og blei gravlagt ei veke etter, men jordpåkastinga er ikkje før godt ut i juni. Dette året var ikkje presten i Hovin for å ha jordpåkasting meir en fire gonger. Enten var ikkje presten frisk, eller så syntes han det var unødvendig å ta reisa frå Atrå til Hovin så ofte.
Gro som berre er 31 år gamal då ektemannen dør gifter seg på nytt året etter, i 1825, med Neri Gjermundsson Omdalen. Fire månader seinare blir sonen deira, Gjermund, født. Presten som elles slo svært hardt ned på dei som kom i ulukka og ikkje rakk å gifte seg tidsnok, og dei var det nokså mange av i Hovin på denne tida, har merkeleg nok ikkje brydd seg med denne fødselen som var 5 månader for tidleg. Kanskje han syntes synd på den unge enka som hadde vore gift med ein så gamal mann.
Gro og Neri flytta til Fossekose ettersom dei nygifte ungfolka på nord Bakka trong ein plass å bu og no kom til Renslo. Gro kom heimat, Ho var oppvaksen i Fossekose, også kalla Li, under Nord Fosso. Det var truleg far hennar som rydda plassen.
I 1828 flytta dei til Stavanger og blei der eit år, men kom tilbake til Hovin. Dei busette seg fyrst i Renslo før dei kom tilbake til Fossekose. Presten skriv:
"Denne Familie findes anført foran fol. 288 som udflyttet til Stavangers Amt med Attest af 16de Mai 1827, men kom tilbage derfra efter en Omvandring i Stiftet uden at være bleven indlemmet i nogen Menighed."
Gro og Neri får fire barn til etter at dei flytter tilbake til Fossekose. Den yngste sonen Hølje blir berre eit år gamal. Gro dør 48 år gammal og etterlet seg 6 barn. De to eldste frå fyrste ekteskapet er vaksne og greier seg nok godt. Den yngste, Ola, er sju år gamal. Det blir kanskje Kari på elleve år som må hjelpe til med veslebroren. Neri giftar seg på nytt to år seinare.
Barn 1. KNUT Olsson Mogen Renslo, f. 18 Jan 1821, Renslo, Hovin, Telemark
, d. 27 Aug 1875, Renslo, Hovin, Telemark
(Alder 54 år)2. Aslaug Olsdotter Renslo, f. 24 Nov 1822, Reinslo, Hovin, Telemark
, d. Ett ER 1875, Kanskje i Dypvåg, Aust Agder
(Alder > 53 år)Bilder 
Vielse nr 3 Sist endret 15 Nov 2025 Famile ID F169 Gruppeskjema | Familiediagram
Familie 2 Neri Gjermundsson Omdalen, f. 1793, Omdalen, Hovin, Telemark
, d. 25 Jun 1879, Fossekose (Li), Hovin, Telemark
(Alder 86 år) Gift 16 Jan 1825 Hovin kyrkje
[5] Notater - Om Gro og Neri
Dei flytta til Stavanger, og blei der eit år, men kom tilbake til Hovin. Dei busette seg i Renslo. Presten skriv:
"Denne Familie findes anført foran fol. 288 som udflyttet til Stavangers Amt med Attest af 16de Mai 1827, men kom tilbage derfra efter en Omvandring i Stiftet uden at være bleven indlemmet i nogen Menighed."
Barn 1. Gjermund Nerisson Renslo, f. 15 Mai 1825, Renslo, Hovin, Telemark 
2. Torkild Nerisson Fossekose, f. 17 Mar 1829, Fossekose (Li), Hovin, Telemark
, d. 31 Mai 1925, Djupedal u Øverbakke, Hovin, Telemark
(Alder 96 år)3. Kari Nerisdotter Fossekose, f. 15 Jan 1831, Fossekose (Li), Hovin, Telemark
, d. 1913 (Alder 81 år)4. Ole Nerisson Fossekose, f. 31 Mai 1835, Fossekose (Li), Hovin, Telemark 
5. Hølje Nerisson Fossekose, f. 23 Jul 1838, Fossekose (Li), Hovin, Telemark
, d. 1839 (Alder 0 år)Bilder 
Utflyttet til Stavangers Amt 1826, men hjemkommet 
Innflytta til Hovin 1828 Sist endret 15 Nov 2025 Famile ID F428 Gruppeskjema | Familiediagram
- Om Gro og Ola i Renslo og seinare om Gro i Fossekose
-
Hendelseskart 
Døpt - 10 Jun 1794 - Hovin kyrkje 

Gift - 15 Nov 1817 - Hovin kyrkje 

Gift - 16 Jan 1825 - Hovin kyrkje 

Død - 5 Jan 1842 - Fossekose (Li), Hovin, Telemark 

Gravlagt - 22 Jan 1842 - Hovin kyrkje 
= Link til Google Earth
-
Bilder 
Dåp nr 37
-
Kilder - [S6] Hovinsoga Gardar og Ætter, (2007), s 70 og 149.
- [S5] Dig.Ark.Kirkebøker, Digitalarkivet, SAKO, Tinn kirkebøker, Ministerialbok nr. I 2, 1757-1810, s. 202-203.
Dåp - [S5] Dig.Ark.Kirkebøker, Digitalarkivet, SAKO, Gransherad kirkebøker, F/Fb/L0002: Ministerialbok nr. II 2, 1815-1843, s. 108.
Gravferd - [S5] Dig.Ark.Kirkebøker, Digitalarkivet, SAKO, Gransherad kirkebøker, Ministerialbok nr. II 2, 1815-1843, s. 191.
Vielse - [S5] Dig.Ark.Kirkebøker, Digitalarkivet, SAKO, Gransherad kirkebøker, F/Fb/L0002: Ministerialbok nr. II 2, 1815-1843, s. 194.
Vielse
- [S6] Hovinsoga Gardar og Ætter, (2007), s 70 og 149.