Notater |
- Om Anne og Aasmund
Faddere ved dåpen til Aasmund var: Peder Jamtved, Johanes Smylingsaas, Ingrie Tubaas, Helge Guldmundsrue og Anne Andresdtr. Ved folketeljinga i 1801 var Aasmund 27 år, ungkar og "tieneste dræng" hjå Leiv Johnsen på Ryen i Heddal. Anne var lista som ugift tenestejente på Graver ved folketeljinga i1801. Ho var frå Skogen, ein plass under Graver i Lisleherad.
Aasmund og Anne blir nemnt som "ungkarl og pigen" da dei gifta seg i Heddal kyrkje i 1803. Kausjonistar ved bryllaupet var Leiv Rye og Ambros Rye.
Dei budde nok på Skogen under Graver heilt frå giftarmålet og til Aasmund døde.
Aasmund døde i 1836, 65 år gamal. Anne døde som "legdslem" på Nedre Haave. Ho døde etter "et par timers sygeleie". Ho var da over 80 år og enke i følgje kyrkjeboka.
Å vera legdslem tydde som regel at du ikkje hadde nokon som kunne ta vare på deg og at det "offentlege" sørgja for at du fekk mat og ein stad å bu. Anne hadde barn, men at ho blei legdslem kan tyde på at dei ikkje hadde mogeligheit til å sørgje for mor si. Dei var nok fattige, og kunne sikkert knapt forsørgje seg sjølv.
Ordninga med legd starta allereie i år 1200 og blei ikkje oppheva før i 1900 da den nye "fattigloven" blei vedtatt. Ordninga gjekk ut på at gardar som kunne betala skatt også var forplikta til å ta i mot dei som trenge husly og omsorg av ymse årsaker.
|
Barn |
| 1. Ole Aasmundson Skogen Steensmoen, f. 19 Nov 1803, Skogen u Gravar, Lisleherad, Telemark , d. 4 Mar 1875, Steensmoen u Strand, Heddal, Telemark (Alder 71 år) |
| 2. Halvor Aasmundsson Skogen, f. 26 Apr 1806, Skogen u Gravar, Lisleherad, Telemark , d. 27 Sep 1888, Farmington, Minnesota, USA (Alder 82 år) |
| 3. Ingeborg Aasmundsdotter Skogen, f. 1 Sep 1811, Skogen u Gravar, Lisleherad, Telemark , d. 21 Feb 1870 (Alder 58 år) |
| 4. Helge Aasmundsdotter Skogen, f. 25 Jun 1814, Skogen u Gravar, Lisleherad, Telemark , d. 24 Nov 1815, Skogen u Gravar, Lisleherad, Telemark (Alder 1 år) |
| 5. Harald Aasmundson, f. 21 Feb 1817 |
| 6. HANS Osmundsen Skogen Petrud, f. 1 Mar 1820, Skogen u Gravar, Lisleherad, Telemark , d. 10 Feb 1881, Steinsrud, Hovin, Telemark (Alder 60 år) |
|